Laster...
Laster...
Av Gudmund Skjeldal, 2026, Ebok
Korleis ser idrettshistoria ut viss ein leitar etter borna? Korleis blir historia om born i Noreg viss ein bruker idretten som døropning inn? Då får ein auga på balanserande born som presterte stort i norske byar gjennom heile 1800-talet. Då oppdagar ein at leik ikkje kan forbindast berre med uskuldig moro. Og kanskje kjem ettertanken at barn ikkje berre har godt av rettar, men av å vera til nytte.
Med boka «Barnestjerner» presenterer Gudmund Skjeldal – kjent for bøkene om Nordahl Grieg, Bergens Tidende og Wimbledon – ei historie ingen har fortalt før. Han skriv både med etterrettelegheita til faghistorikaren, og med ønsket essayisten har om å skapa refleksjon. Han spør seg om borna har godt å bli organisert i stadig tidlegare alder. Har leiken det?