Dette temanummeret av Skriftkultur handlar om litteratur og litteraturdidaktikk. Å forske på litteraturundervisning inneber at vi må ta omsyn til at vilkåra for litteratur og lesing har endra seg: Elevane les mindre litteratur enn kva dei gjorde før, og dei vel å lese korte tekstar både på skulen og på fritida, ifølgje fleire PISA- og PIRLS-undersøkingar. Det skjer på den måten ei marginalisering av lesing av lengre, gjerne komplekse, tekstar som krev uthald og kognitivt tolmod.
Samstundes er styresmaktene opptatt av at lesing må prioriterast, og det er sett i verk satsingar som skal stimulere til meir langlesing og tilskot til innkjøp av fysiske lærebøker og litteratur i skulen. På denne bakgrunnen er det viktig at ein i lærarutdanninga og i skulen diskuterer litteratur og litteraturundervisninga sin posisjon i fortid og notid, og korleis undervisninga òg kan stimulere til kreativitet, lesemotivasjon og leseglede. Det stadsbaserte i litteraturen står også sentralt i arbeidet med å skape relevans og meining, både analogt og digitalt og på tvers av nasjonale skiljelinjer og utdanningsinstitusjonar, samtidig som skulebiblioteka kan vere ein litterær arena for å danne god lesekultur i skulen.

319,-
Produseres på bestilling. Sendes fra oss i løpet av 1–2 uker.
Marit Lovise Brekke är förstelektor vid AHL vid Högskolan i Volda. Hon undervisar om litteratur i lärarutbildningen och skriver om barn- och ungdomslitteratur, läroböcker och litteraturdidaktik.
Hallvard Kjelen er professor i norskdidaktikk ved Nord universitet, Nesna. Han arbeider særleg med litteraturdidaktikk, barnelitteratur, noveller og regional litteraturhistorie.
Stig J. Helset er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Master i skriftkulturar. Han har arbeidd mykje med kartlegging av operative normer i dei norske skriftspråka og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.
Wenke Mork Rogne er professor i norskdidaktikk på Høgskulen i Volda og jobbar i lærarutdanninga. Ho har publisert ei rekke bøker og artiklar nasjonalt og internasjonalt med vektlegging av ulike grunnleggjande ferdigheiter, literacy, skriveutvikling, digitalisering, læringprosessar, arbeid med multiple tekstar og vurderingspraksisar. Ho har også vore prosjektleiar i NFR-prosjektet DigiHand (Prosjektperiode 2018-2022).
Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.
Produktinformasjon
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2025
Utgivelsesdato: 12.12.2025
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202900960
Antall sider: 176
Serienavn: Skriftkultur
Serienummer: 7
Kategorier: Språk og litteratur, Fagbøker, Pedagogikk og lærerutdanning